søndag 27. oktober 2013

Tur til Storavatnet

Den 15. oktober møtte alle i 2ST Friluftsliv ved Sogndal vidaregåande skule. Målet denne gong var Vatnasete og Storevatnet som ligg på Kaupanger. Sjølv om det fine veret, som me hadde blitt lova av værmeldaren, ikkje var tilstades tok me likavel bussen til Kaupanger. Med pressening og førstehjelp i sekken sette me i gang.

Me starta ved Kaupanger senteret og gjekk opp gjennom Skogen
før me fortsatte på veg opp til Vardaheii. På denne turen hadde me fokus på å laga gapahuk, koleis me skulle lage bål, lage mat på bål og å lære om førstehjelp. Når me var kommen opp til Storavatnet starta kvar av dei 3 gruppene med å lage seg ein gapahuk kvar. Det viktige når ein skal laga ein gapahuk er å finne ein plass som er tørr og ein må passe på at ein får nok vinkel på taket slik at vatnet ikkje renn inn. Det er òg lurt å ha opninga i motsatt retning som vinden kjem frå. Når me laga gapahuken vår hadde me så mykje presenning til overs at me laga både golv og veggar, noko som gjer til at søvnen blir litt bedre. Ellers lærte me å lage bål og mat på bål, før me på ned att turen lærte om førstehjelp på Hungerhaug.

Skogen
Etter denne turen har eg fått mykje nyttig kunnskap om korleis ein ska få ly gjennom natt ute i naturen, korleis ein skal lage seg bål og mat og til slutt korleis ein skal lege skadar viss det inntreff på ein tur. Kanskje det viktigaste eg har lært på denne turen er å ta i bruk naturen meir og ikkje bruke so mange hjelpemiddel, fordi ein kan klare seg lenge utan det. Noko me kunne gjort anna på denne turen er å vert litt meir presise når det gjaldt det å vere klar tidsnok. Likevel var det enda ein fin tur, der me fekk med oss mykje ny kunnskap heimatt.


Hungerhaug

Storavatnet






mandag 14. oktober 2013

Tur til Fjærlandssetvatnet

Ruta me gjekk
Fredag den 13. september reiste 2ST Friluftsliv på vår fyste tur for året. Turen denne, nokså kalde haustdagen, gjekk til vakre Fjærlandssete. Me møtte opp utanfor friluftsliv lageret på Sogndal vidaregåande skule, der me fekk utdelt diverse utstyr som me måtte ha med oss. Me blei òg delt inn i tre grupper, og me skulle sette opp teltet i lag med gruppa. Når alt var pakka og klart, reiste me med minibuss til Mannsverk som ligg i Øvstedalen.

Gruppene var:
1: Einar, Jan Are og Erlend
2: Thomas, Ingrid og Jarand
3: Jesper, Mar
te og Nils Ottar

Fjærlandssete
Når me kom fram, gjorde me oss klare, før me sette i gang med gåinga. Medan me gjekk fekk gruppe 1 ansvar for å finne vegen opp til den første plassen me skulle gå til, Svartevatnet. Vidare fekk alle gruppene prøve seg med å vise vegen vidare. Hensikten med dette var att alle gruppene skulle lære seg å bruke kart og kompass, og å finne fram utan hjelp frå læraren. Etter att me hadde hatt ein liten pause på Svartevatnet, der me fylte opp magen på diverse bær, gjekk me vidare oppover til Furuset. Før me gjekk tok gruppe 1 over styringa av vegen me skulle gå. Når me kom opp til Furusete, sette me av oss sekkane, og fann fram matpakkane, og tok oss ein velfortjent matbit. Medan me hadde matpause fekk me besøk av ein hund, som var særs interessert i maten vår, men måtte gå tomhendt tilbake til eigaren.

Etter att me hadde fått i oss ein matbite tok me på oss sekkane atte og sette kursen mot den siste destinasjonen for dagen, Fjærlandsvatnet. Og til den siste strekningen overtok gruppe 3, ansvaret for å finne vegen opp til Fjærlandsseter, frå gruppe 2. Under den siste strekning fekk me vere vitne til fantastisk natur, og ein fantastisk veg, til den mest fantastiske plassen på jord, Leikanger. Skal leggja til att det var vår lærar i friluftsliv som kom med dette utsagnet. Likevel må eg sjøl innrømme att det var flott natur på denne plassen.

Når me kom opp ved Fjærlandsvatnet leita me etter ein fin plass å setje telta på. Me fann tilslutt ein fin plass som ikkje var særleg langt frå fiskevatnet. Det første me gjorde var å sette opp teltet før me fekk litt fritid, der me fekk gjere det me ville. Dei fleste reiste ned for å fiske, men fiskelykka uteblei for alle utenom Jesper som fekk ein fisk. Når klokka nærma seg 5 reiste me opp til teltplassen, og gjorde i stand til middagen, der kvar gruppe hadde kvar sin eigen rett til middag. Me laga til maten på stormkjøkkenet, me tok med oss frå skulen. Etter å ha ete god mat, fekk me undervisning i nokre viktige og interessent planter som ein finn i fjellheimen og som kan vere nyttigt når du er i fjellet. Etter dette ordna me diverse ting rundt om på teltplassen, som å hente vatn, rydde opp og å lage toalett. Når alt dette var gjort sette Torgeir oss på prøve med nokre uvanlege gåter, men me er ein oppegåande klasse så me klarte alle gåtene tilslutt. Når hjernetrimmen var unnagjort prøvde me fiskelykka endå ein gong, før det blei mørkt, men nok ein gong måtte me gå tomhendte tilbake. Da me kom tilbake pussa me tennene og sjekka mobilane før me la oss for å sove.

Me vakna i 8 tida om morgonen. Me hadde eit stramt tidsskjema, så me måtte skunde oss å lage mat og å pakke ned alle tinga våre. Etter ein god frukost satte me i gang med turen ned att, på førehand hadde me laga oss ei rute som me skulle følgje så det vart litt lettare for alle. Me bytta, som i dagen før, på kven som skulle vise veg ned att. Halveges på turen tok me ein pause der me åt nista me hadde laga om morgonen. Etter ein kort pause fortsatte me ned mot Tuftestølen, og me hadde alle godt humør, så turen ned gjekk fort. Frå Tuftestølen var det bratte bakkar, der føtene våre fekk seg ein prøvelse, før me kom ned til riksvegen. Her blei me henta av ein taxi, og køyrt ned til skulen, der me hadde skaffa oss skyss heim. Eg takka for turen, og eg trur alle som var med hadde det kjekt, og at me ser fram til neste tur. Viss det var noko som skulle vert annleis enn slik som me gjorde det, så må det ha vert å gått igjennom korleis ein ska pakke ein sekk, ellers var turen meget bra.