lørdag 29. mars 2014

Snøholetur i Sogndalsdalen

Onsdag den 19. mars møtte me opp ved friluftslivlageret, på Sogndal vgs. Dagen før og på den nemnte dagen hadde det komme masse snø, så litt kaos i trafikken hadde gjort til at nokon vart litt seine. Me sette i gang dagen med turplanlegging, der me bestemte oss for kvar me skulle byggja snøholene. I tillegg til å bestemma destinasjonen me skulle til, gjekk me i gjennom korleis me skulle byggja ei snøhole og kven som var på grupper (4 personar pr. gruppe). Etter turplanlegginga gjorde me den siste finpussen før me blei køyrt opp av ein taxi til Rindabotnen. Snøkaoset som eg nemnte før, var framleis ikkje over og det fekk me sjå i praksis av taxi-sjåføren når han ikkje kom seg opp den siste bakken. Etter litt om og men kom alle saman seg opp til trekket og me fekk starta på turen.

Me skulle gå frå Rindbotnen og fram til Stilledalen (sånn cirka). Denne distansen var ikkje særleg lang, men på grunn av sekkane me hadde med oss, så blei turen ganske slitsom, og gleda var stor når me var kommen fram. Det fyste me gjorde når me kom fram var å ta på oss varme klede og betre fottøy, før me etter ein liten matpause starta med snøholene. 
Ingrid i gang med frukosten

Korleis lage snøhole:

1. Finn deg ein plass og grave (skavel)

2. Sjå deg ut kor du vil ha inngangen og kor du vil at brisken. Hugs at brisken skal ligge høgare enn inngangen når ein er ferdig med snøhola. Brisken er forøvrig plassen der ein skal sove i snøhola.

3. To tek til på brisken, medan dei to andre tek til på inngangen. Ein må hugse på at inngangen bør vere slik at alle kan stå inne i snøhola, men dette kan ein regulere seinare ved å grave i golvet. 

4. Når ein er kommen eit stykkje inn i snøveggen, går begge mot kvarandre slik at dei møtest. Så kan ein begynne å grave ut brisken, og forme han slik du vil ha det. 

5. Det er viktig å ha god klaring til taket frå brisken, og å passe på at taket er nok krumma slik at det ikkje begynn å dryppa vatn. 

6. Etter at ein har gjort ferdig brisken og inngangen, kan ein lage til hyller til sekkar og diverse. Ein tek òg å tettar atte der ein starta med brisken slik at det er tett der. Til slutt tek ein å tettar att den øverste delen av inngangen slik at brisken ligg høgare enn inngangen. Nå kan ein nyte ei god natts søvn i din eiga sjølvlaga snøhole. 

Når snøholene var ferdig starta me å lage middagen for dagen. Til hjelp hadde me med oss eit stormkjøkken som alle på gruppa kunne bruke. Etter ein god middag hadde me avstemning av kven som hadde den "kulaste" snøhola, og ikkje overraskande stakk mi gruppa, med Even, Ingrid og Jesper, av med sigeren. Etter dette var det blitt så mørkt at me gjorde oss klare til å sove, og på grunn av at det snøa ute, måtte alle på gruppa ut, etter tur, å måke vekk snø frå inngangen så me ikkje skulle snøa inne. 

Dagen etterpå var humøret i gruppa ikkje på like høgt nivå som dagen før, kanskje på grunn av vèret eller at me var blaute. Snøebygene hadde gått øver til regn og det gjorde at skiføret blei nokså dårlig. Me starta uansett me frukosten før Torgeir gjekk igjennom fleire forskjellige øvelsar viss noken blei tekne av snøras eller viss me måtte gå i tjukk tåke. Til slutt vende me nasen ned att til Hollekve, der me blei henta av ein buss frå skulen. 
Even inne i snøhola vår

Snøholeturen blei ein lærerik oppleving, med mykje blanda humør. Dette kan ha skuldast at regnet kom fram på torsdagen, som gjorde til at me blei blaute, men uansett so lærte me mykje. Det som var det kjekkaste var å sove i ei snøhole som me sjølve hadde laga, og me klarte oss ganske bra sjølv om det var første gangen me laga ei. Det me kunne gjort bedre på denne turen var å laga eit enda djupare golv i snøhola og ordna til taket enda betre. I tillegg burde me ha organisert det betre når me skulle gi tilbake utstyret til Torgeir..... men me lære so lenge me leve......   

fredag 14. mars 2014

Skitur i Sogndalsdalen

Den 6.mars var det duket for ein ny tur med Friluftsliv-gjengen. Stemninga var god, sjøl om regnet hadde dukka opp denne dagen. Me gjorde oss klare ved Sogndal Vidaregåande skule, før me fekk skyss opp til Rindabotn. Me starta i Rindabotn, og gjekk oppover Reipa elva, der målet for turen var å komme oss opp på Reppanipa. Den første hinderet me måtte komme oss igjennom for dagen, var korleis me skulle komme oss tørre over elva. Etter eit stykkje oppover elva fant me ut at det sikraste ville vere å gå over ei snøbru som gjekk over elva, og alle kom heilskinna over. Vidare gjekk turen oppover, før me hadde ein pause der me øvde oss på snøgraving. Hovudfokuset var på dei ulike snølaga i snøen og kva som skal til for at eit ras skal gå. Me fortsatte oppover mot Reppanipa, men måtte stoppe like under fjellet, fordi me ikkje hadde tid eller lov til å gå opp der. Dette fordi på ein skuletur så har me ikkje lov å gå i brattare terreng enn 30 grader.
Me sigla difor nedatt til Rindabotn, der me blei henta med ein taxi

Etter denne skituren sit eg att med mykje erfaring både om korleis eit snøras kan gå, korleis eg skal pakke ryggsekken og litt om vegval. Eg fekk lære om dei ulike snølaga som finst inne i snøen og om kva som skal til for at det skal blir utløyst eit skred. Denne læringa tek eg med meg som ekstremt viktig læring, og som faktisk kan skje når eg er sjølv på tur. Val av tursekk kunne eg ha gjort bedre, for sekken min rakna og hadde ikkje særleg mykje plass, men ein lære så lenge ein lever. Fjellskia som eg gjekk på, var fine å gå på i oppoverbakken, men når me skulle reise ned att, var det litt vanskelegare å styre enn breiare ski. Det som eg følte var bra med turen var at eg klarte å stå ganske bra på ski ned atte frå fjellet, noko som eg før turen ikkje hadde trudd. I tillegg hadde eg nok klede og nok mat til at turen blei ein positiv oppleving.  



Erlend