Me skulle gå frå Rindbotnen og fram til Stilledalen (sånn cirka). Denne distansen var ikkje særleg lang, men på grunn av sekkane me hadde med oss, så blei turen ganske slitsom, og gleda var stor når me var kommen fram. Det fyste me gjorde når me kom fram var å ta på oss varme klede og betre fottøy, før me etter ein liten matpause starta med snøholene.
Korleis lage snøhole:
1. Finn deg ein plass og grave (skavel)
2. Sjå deg ut kor du vil ha inngangen og kor du vil at brisken. Hugs at brisken skal ligge høgare enn inngangen når ein er ferdig med snøhola. Brisken er forøvrig plassen der ein skal sove i snøhola.
3. To tek til på brisken, medan dei to andre tek til på inngangen. Ein må hugse på at inngangen bør vere slik at alle kan stå inne i snøhola, men dette kan ein regulere seinare ved å grave i golvet.
4. Når ein er kommen eit stykkje inn i snøveggen, går begge mot kvarandre slik at dei møtest. Så kan ein begynne å grave ut brisken, og forme han slik du vil ha det.
5. Det er viktig å ha god klaring til taket frå brisken, og å passe på at taket er nok krumma slik at det ikkje begynn å dryppa vatn.
6. Etter at ein har gjort ferdig brisken og inngangen, kan ein lage til hyller til sekkar og diverse. Ein tek òg å tettar atte der ein starta med brisken slik at det er tett der. Til slutt tek ein å tettar att den øverste delen av inngangen slik at brisken ligg høgare enn inngangen. Nå kan ein nyte ei god natts søvn i din eiga sjølvlaga snøhole.
Når snøholene var ferdig starta me å lage middagen for dagen. Til hjelp hadde me med oss eit stormkjøkken som alle på gruppa kunne bruke. Etter ein god middag hadde me avstemning av kven som hadde den "kulaste" snøhola, og ikkje overraskande stakk mi gruppa, med Even, Ingrid og Jesper, av med sigeren. Etter dette var det blitt så mørkt at me gjorde oss klare til å sove, og på grunn av at det snøa ute, måtte alle på gruppa ut, etter tur, å måke vekk snø frå inngangen så me ikkje skulle snøa inne.
Dagen etterpå var humøret i gruppa ikkje på like høgt nivå som dagen før, kanskje på grunn av vèret eller at me var blaute. Snøebygene hadde gått øver til regn og det gjorde at skiføret blei nokså dårlig. Me starta uansett me frukosten før Torgeir gjekk igjennom fleire forskjellige øvelsar viss noken blei tekne av snøras eller viss me måtte gå i tjukk tåke. Til slutt vende me nasen ned att til Hollekve, der me blei henta av ein buss frå skulen.
Snøholeturen blei ein lærerik oppleving, med mykje blanda humør. Dette kan ha skuldast at regnet kom fram på torsdagen, som gjorde til at me blei blaute, men uansett so lærte me mykje. Det som var det kjekkaste var å sove i ei snøhole som me sjølve hadde laga, og me klarte oss ganske bra sjølv om det var første gangen me laga ei. Det me kunne gjort bedre på denne turen var å laga eit enda djupare golv i snøhola og ordna til taket enda betre. I tillegg burde me ha organisert det betre når me skulle gi tilbake utstyret til Torgeir..... men me lære so lenge me leve......
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar