
Den 6.mars var det duket for ein ny tur med Friluftsliv-gjengen. Stemninga var god, sjøl om regnet hadde dukka opp denne dagen. Me gjorde oss klare ved Sogndal Vidaregåande skule, før me fekk skyss opp til Rindabotn. Me starta i Rindabotn, og gjekk oppover Reipa elva, der målet for turen var å komme oss opp på Reppanipa. Den første hinderet me måtte komme oss igjennom for dagen, var korleis me skulle komme oss tørre over elva. Etter eit stykkje oppover elva fant me ut at det sikraste ville vere å gå over ei snøbru som gjekk over elva, og alle kom heilskinna over. Vidare gjekk turen oppover, før me hadde ein pause der me øvde oss på snøgraving. Hovudfokuset var på dei ulike snølaga i snøen og kva som skal til for at eit ras skal gå. Me fortsatte oppover mot Reppanipa, men måtte stoppe like under fjellet, fordi me ikkje hadde tid eller lov til å gå opp der. Dette fordi på ein skuletur så har me ikkje lov å gå i brattare terreng enn 30 grader.
Me sigla difor nedatt til Rindabotn, der me blei henta med ein taxi

Etter denne skituren sit eg att med mykje erfaring både om korleis eit snøras kan gå, korleis eg skal pakke ryggsekken og litt om vegval. Eg fekk lære om dei ulike snølaga som finst inne i snøen og om kva som skal til for at det skal blir utløyst eit skred. Denne læringa tek eg med meg som ekstremt viktig læring, og som faktisk kan skje når eg er sjølv på tur. Val av tursekk kunne eg ha gjort bedre, for sekken min rakna og hadde ikkje særleg mykje plass, men ein lære så lenge ein lever. Fjellskia som eg gjekk på, var fine å gå på i oppoverbakken, men når me skulle reise ned att, var det litt vanskelegare å styre enn breiare ski. Det som eg følte var bra med turen var at eg klarte å stå ganske bra på ski ned atte frå fjellet, noko som eg før turen ikkje hadde trudd. I tillegg hadde eg nok klede og nok mat til at turen blei ein positiv oppleving.
Erlend
Dette var bra skrevet. Ser ut som dette var ein fin tur!
SvarSlettFlott skreve! Eg og synes du står bra på ski!
SvarSlettStor og fin tekst som var lett å lesa. Dumt at sekken din revna, men det ser ut som du har hatt ein lærerik tur! :)
SvarSlettdette er flott å lese erlend:D det virkar som om du kosar deg i friluftsliv:D
SvarSlett