torsdag 24. april 2014

Topptur til Blåfjell

Den årlege skidagen for Sogndal Vidaregåande skule, var sett til torsdag.27 mars. I den anledning nytta vi dagen til å reise på topptur med friluftsliv klassen. Dagen starta som vanleg med at me møtte opp ved friluftsliv lageret og fekk utlevert utstyr til turen. På denne torsdag's morgonen var véret strålande, og det gjorde til at humøret på gjengen var bra.

Kl. 9 køyrde bussen oss opp til Hodlekve, og når me kom opp der fekk me litt tekniske problem med å få gratis heis, dette gjorde til at me måtte vente litt. Sjølv om me måtte vente var humøret framleis bra, og vidare følgde me trekke opp til Rinnabotn. Frå Rinnabotn tok me trekke opp til toppen av skitrekket, der me gjorde dei siste forberedelsane, med feller o.l. Når det var gjort satte me i gang med klatringa til destinasjonen for dagen, Blåfjell (1397 m.o.h.)



Det var ein tøff og bratt stigning på denne turen, og me brukte pausane me hadde godt for å få nye krefter til resten av turen. Me brukte god tid opp til toppen, og når me var kommen opp satte me oss ned med dagens lunch og bada i sol. Etter å ha hatt ein god pause på toppen, gjorde me oss klare for nedatt køyringa. Me hadde stort fokus på kor me skulle køyre i dag, fordi det var berre nokre fåe i tur gjengen som hadde med seg hjelm. Føret på turen var fantastisk og me køyrde nedatt til Hodlekve i vakker stil. Når me kom ned der satte me oss på bussen som tok oss nedatt på skulen.

Når ein skal planlegge ein tur er det nokre punkt som er viktige å ha med:

- Transport (fram og tilbake)
Det er viktig å finne ut korleis ein skal komme seg til der ein starta å gå, og å ha transport når ein skal nedatt frå turen (til f.eks. skulen). Ein kan skaffe seg skyss på forskjellige måtar, ved å leige taxi, følgje buss eller få nokon du kjenner til å køyre deg og dei du er på tur med.

- Plan A (Hovudplan)
Planlegg turen du skal på godt, slik at du får ei oversikt over korleis turen skal føregå. Dette kan vere at du skriv ned kor du skal gå henne og prøve å ha med eit ca. tidspunkt du skal vere på den plassen. Med korte ord skal du planlegge turen din fra A til B.

- Plan B (Backupplan)
I tilfelle du møter på nokre hindringar eller noko ikkje går slik det skal, må ein vere forberedt på å ta omvegar eller ta snarvegar for å halde tidsskjemaet.

- Kriseplan
Denne planen er til viss uhellet skulle vere ute. Viss ein må snu på vegen opp eller ein må søkje ly for dårleg vér eller farar. Skal også innehalde kva slags utstyr ein treng viss ein skade på ein person skjer medan ein er på tur.

- Vér og forhold
Hald deg oppdatert på vérmeldingane før du begir deg ut på turen. Dette gjer til at ein kan stille mier førebudd til turen og kan avgjere om ein må utsette turen eller ikkje.

- Deltakarliste
Kven som skal vere med på turen skal vere skrivne ned her. Vikitg å ha kontroll over kor mange ein er med på tur.

- Utstyrsliste
Kva skal ein ha med seg på turen skal vere med her. Dette gjeld både kva kvar enkelt skal ha med og kva ein skal ha med som fellesutstyr.

Eg syns turplanleggingen vår på turen til Blåfjell var ganske bra. Me hadde fått med det meste av det som var nødvendig og eg trur alle tykte denne turen vart bra. Det me burde gjort annleis var å hatt med hjelm på utstyrslista, ellers følte eg at turen vart ein suksess.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar