torsdag 24. april 2014

Tur til Tylderingen

Fredag 11. April var det klart for ny topptur, og den siste toppturen, for Friluftsliv ST klassen på Sogndal Vidaregåande skule. Til denne turen hadde me fått med oss ein student frå høgskulen som hadde kurs med oss om mat på tur. I den anledning var hovudfokuset på denne turen å lage vår eigen mat, innad i gruppa, til denne turen. Det som var viktig no var å ha med ein næringsrik og god lunch, som ikkje tok for mykje plass i sekken.

Det første me gjorde denne dagen, var å finne fram utstyret me trengte ved friluftsliv lageret på skulen. Etter dette blei me køyrt opp, av ein buss frå skulen, til Fretland. Oppe på Fretland kunne me sjå at det var merkbart lite snø for tida, men at det var nokre kvite flekkar igjen på markene. Me tok på oss utstyret, og sette i gang med den siste turen vår. Me fekk i oppgåve at to og to skulle, vekselsvis, bestemme kor me skulle gå på vegen opp. Etter å ha fått meir kjennskap til vegval, før i år, gjekk turen opp ganske bra. Me lærte likevel mykje om korleis me skulle spare krefter på turen opp av vårt nye medlem i gjengen, studenten Even. I tillegg til dette lærte Torgeir oss korleis me "enklast" mogleg skulle ta svingane på turen opp.

Været for i dag var noko skiftande, noko me fekk erfare når me måtte snu like før toppen. Før me snudde tok me likevel å grov våres eigne snogroper der me satt og koste oss med den heimelaga lunchen vår. Etter mat vende me nasen nedatt mot Fretland igjen. Me hadde likevel med ein liten stopp nede i fjellsida, der me lærte meir om dei ulike snølaga som no var å finne i snøen, og om ulike ras som kunne gå på denne tida. Etter dette køyrte me nedatt dei siste bakkane, før me blei henta av bussen på Fretland som tok oss med til skulen.

Når ein skal på tur i fjellet, og spesielt på topptur, er det viktig med eit energirikt måltid. Dette måltidet skal gi deg nok energi til å greie turen vidare utan at du treng å stoppe fleire gonger på vegen opp. For å ha eit godt og energirikt måltid må ein ha med protein, feitt og karbohydrat i matvarene i måltidet. På toppturen vår bestemte gruppa mi (Einar og Ingrid) oss for å lage ein kyllingsalat til lunch. Fra den fekk me mykje energi å gå på p.g.a. at me hadde med kylling, salat og brød atmed. Dette var ein god lunch og me følte me fekk energi ut av måltidet. Det me kunne ha gjort annleis var å tatt med pasta i kyllingsalaten, for da hadde me fått enda meir karbohydrat i maten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar