onsdag 21. mai 2014

Kanotur til Stor-Øyna

Duesundn i sitt retta element
Det var det klart for den siste turen for året, når me sette oss i kanoane, nedanfor Helgheim, søndag 11.Mai. På denne turen skulle me bruke kano som framkomstmiddel til plassen me skulle opphalde oss på gjennom den neste dagen. Opphaldsplassen var øya som ligg i Barsnesfjorden, og heiter Stor-Øyna. Før me skulle ut på Stor-Øyna skulle me gå ein liten fjelltur til Dal, som ligg litt lenger inne i fjorden. Vergudane hadde me på vår side da me var klare for turen og stemninga var god, før den aller siste turen for 2ST Friluftsliv.

Dei fleste av dei som var med, hadde allerede vert ute på vatnet med kano, så me kom oss relativt raskt i gang med padlinga. Kanoturen vidare gjekk strålande, og ingen av oss, måtte smake på det nokså kalde saltvatnet. Me heldt eit godt tempo innover fjorden og før me visste ordet av det, var me framme ved den første stoppestaden som var ei strand nedafor Dal. Me etter ein liten pause å gå opp der, og når me var oppe, kunne me nyte den fine utsikten over Barsnesfjorden. Etter ein kort pause på toppen, starta me gåturen nedatte til kanoane, før me padla ut mot Store-Øyna.
Me merka no at me var rimelig klare for middag.

Da me kom ut på Stor-Øyna sette me opp kanoane og helste på geitene på øya. Me gjekk opp til leirplasen, der me sette opp lavvoane våre, før me starta med tilberedinga til dagens middag. Til denne turen skulle me brukte me stormkjøkken, men maten ein hadde me var valfritt. Etter mat hadde me fleire aktivitetar, deriblant fotball og kveldsbading, før me kom til ro i lavvoane.

Neste dag, hadde me eit kurs i korleis me skulle bruke eit kompass. Ved denne øvinga gjorde me fleire forskjellige oppgaver, som for eksempel å finne kanopartnaren din som gav deg ein kurs du skulle gå etter. Ei anna oppgåve var å finne ulike bygg på øya og å finne det høgaste punktet ved hjelp av kart og kompass. Det som er viktig når ein skal bruke eit kompass er å holde te vassrett, slik at kursen blir rett. Vidare er det viktig å stille inn til kor du vil gå, ved hjelp av eit kart, og å ta ut gradene ein skal gå på kompasset. For å finne den rette kompasskursen er det viktig å vere nøyaktig med bruken av kompass og kart. Strekane på kompasset skal passe med strekane på kartet for å få rett retning. Det er også centimeter målar på kompasset som kan vere til hjelp viss du skal måle avstandar på kartet. Viss ein har funne den rette kompasskursen kan ein gå etter den utan hjelp frå kart, så lenge ein ikkje møter på fjell eller større problem.

Etter kurset i kompass bruk, padla me tilbake til Helgheim, der me ordna med kanoane før me takka for turen. Turen var ein fin avslutningstur, der me lærte mykje om kanopadling og om kompasskurs. Noko som me kunne gjort annleis var å klart enda bedre å holde i lag når me padla, i tilfelle uhellet skulle vere ute, og nokon havna på fjorden. Alt i alt har det vert eit fint år med mykje læring og erfaringar, og det er litt vemodigt at det var den siste turen for i år.

Nattbad


torsdag 24. april 2014

Tur til Tylderingen

Fredag 11. April var det klart for ny topptur, og den siste toppturen, for Friluftsliv ST klassen på Sogndal Vidaregåande skule. Til denne turen hadde me fått med oss ein student frå høgskulen som hadde kurs med oss om mat på tur. I den anledning var hovudfokuset på denne turen å lage vår eigen mat, innad i gruppa, til denne turen. Det som var viktig no var å ha med ein næringsrik og god lunch, som ikkje tok for mykje plass i sekken.

Det første me gjorde denne dagen, var å finne fram utstyret me trengte ved friluftsliv lageret på skulen. Etter dette blei me køyrt opp, av ein buss frå skulen, til Fretland. Oppe på Fretland kunne me sjå at det var merkbart lite snø for tida, men at det var nokre kvite flekkar igjen på markene. Me tok på oss utstyret, og sette i gang med den siste turen vår. Me fekk i oppgåve at to og to skulle, vekselsvis, bestemme kor me skulle gå på vegen opp. Etter å ha fått meir kjennskap til vegval, før i år, gjekk turen opp ganske bra. Me lærte likevel mykje om korleis me skulle spare krefter på turen opp av vårt nye medlem i gjengen, studenten Even. I tillegg til dette lærte Torgeir oss korleis me "enklast" mogleg skulle ta svingane på turen opp.

Været for i dag var noko skiftande, noko me fekk erfare når me måtte snu like før toppen. Før me snudde tok me likevel å grov våres eigne snogroper der me satt og koste oss med den heimelaga lunchen vår. Etter mat vende me nasen nedatt mot Fretland igjen. Me hadde likevel med ein liten stopp nede i fjellsida, der me lærte meir om dei ulike snølaga som no var å finne i snøen, og om ulike ras som kunne gå på denne tida. Etter dette køyrte me nedatt dei siste bakkane, før me blei henta av bussen på Fretland som tok oss med til skulen.

Når ein skal på tur i fjellet, og spesielt på topptur, er det viktig med eit energirikt måltid. Dette måltidet skal gi deg nok energi til å greie turen vidare utan at du treng å stoppe fleire gonger på vegen opp. For å ha eit godt og energirikt måltid må ein ha med protein, feitt og karbohydrat i matvarene i måltidet. På toppturen vår bestemte gruppa mi (Einar og Ingrid) oss for å lage ein kyllingsalat til lunch. Fra den fekk me mykje energi å gå på p.g.a. at me hadde med kylling, salat og brød atmed. Dette var ein god lunch og me følte me fekk energi ut av måltidet. Det me kunne ha gjort annleis var å tatt med pasta i kyllingsalaten, for da hadde me fått enda meir karbohydrat i maten.

Topptur til Blåfjell

Den årlege skidagen for Sogndal Vidaregåande skule, var sett til torsdag.27 mars. I den anledning nytta vi dagen til å reise på topptur med friluftsliv klassen. Dagen starta som vanleg med at me møtte opp ved friluftsliv lageret og fekk utlevert utstyr til turen. På denne torsdag's morgonen var véret strålande, og det gjorde til at humøret på gjengen var bra.

Kl. 9 køyrde bussen oss opp til Hodlekve, og når me kom opp der fekk me litt tekniske problem med å få gratis heis, dette gjorde til at me måtte vente litt. Sjølv om me måtte vente var humøret framleis bra, og vidare følgde me trekke opp til Rinnabotn. Frå Rinnabotn tok me trekke opp til toppen av skitrekket, der me gjorde dei siste forberedelsane, med feller o.l. Når det var gjort satte me i gang med klatringa til destinasjonen for dagen, Blåfjell (1397 m.o.h.)



Det var ein tøff og bratt stigning på denne turen, og me brukte pausane me hadde godt for å få nye krefter til resten av turen. Me brukte god tid opp til toppen, og når me var kommen opp satte me oss ned med dagens lunch og bada i sol. Etter å ha hatt ein god pause på toppen, gjorde me oss klare for nedatt køyringa. Me hadde stort fokus på kor me skulle køyre i dag, fordi det var berre nokre fåe i tur gjengen som hadde med seg hjelm. Føret på turen var fantastisk og me køyrde nedatt til Hodlekve i vakker stil. Når me kom ned der satte me oss på bussen som tok oss nedatt på skulen.

Når ein skal planlegge ein tur er det nokre punkt som er viktige å ha med:

- Transport (fram og tilbake)
Det er viktig å finne ut korleis ein skal komme seg til der ein starta å gå, og å ha transport når ein skal nedatt frå turen (til f.eks. skulen). Ein kan skaffe seg skyss på forskjellige måtar, ved å leige taxi, følgje buss eller få nokon du kjenner til å køyre deg og dei du er på tur med.

- Plan A (Hovudplan)
Planlegg turen du skal på godt, slik at du får ei oversikt over korleis turen skal føregå. Dette kan vere at du skriv ned kor du skal gå henne og prøve å ha med eit ca. tidspunkt du skal vere på den plassen. Med korte ord skal du planlegge turen din fra A til B.

- Plan B (Backupplan)
I tilfelle du møter på nokre hindringar eller noko ikkje går slik det skal, må ein vere forberedt på å ta omvegar eller ta snarvegar for å halde tidsskjemaet.

- Kriseplan
Denne planen er til viss uhellet skulle vere ute. Viss ein må snu på vegen opp eller ein må søkje ly for dårleg vér eller farar. Skal også innehalde kva slags utstyr ein treng viss ein skade på ein person skjer medan ein er på tur.

- Vér og forhold
Hald deg oppdatert på vérmeldingane før du begir deg ut på turen. Dette gjer til at ein kan stille mier førebudd til turen og kan avgjere om ein må utsette turen eller ikkje.

- Deltakarliste
Kven som skal vere med på turen skal vere skrivne ned her. Vikitg å ha kontroll over kor mange ein er med på tur.

- Utstyrsliste
Kva skal ein ha med seg på turen skal vere med her. Dette gjeld både kva kvar enkelt skal ha med og kva ein skal ha med som fellesutstyr.

Eg syns turplanleggingen vår på turen til Blåfjell var ganske bra. Me hadde fått med det meste av det som var nødvendig og eg trur alle tykte denne turen vart bra. Det me burde gjort annleis var å hatt med hjelm på utstyrslista, ellers følte eg at turen vart ein suksess.


lørdag 29. mars 2014

Snøholetur i Sogndalsdalen

Onsdag den 19. mars møtte me opp ved friluftslivlageret, på Sogndal vgs. Dagen før og på den nemnte dagen hadde det komme masse snø, så litt kaos i trafikken hadde gjort til at nokon vart litt seine. Me sette i gang dagen med turplanlegging, der me bestemte oss for kvar me skulle byggja snøholene. I tillegg til å bestemma destinasjonen me skulle til, gjekk me i gjennom korleis me skulle byggja ei snøhole og kven som var på grupper (4 personar pr. gruppe). Etter turplanlegginga gjorde me den siste finpussen før me blei køyrt opp av ein taxi til Rindabotnen. Snøkaoset som eg nemnte før, var framleis ikkje over og det fekk me sjå i praksis av taxi-sjåføren når han ikkje kom seg opp den siste bakken. Etter litt om og men kom alle saman seg opp til trekket og me fekk starta på turen.

Me skulle gå frå Rindbotnen og fram til Stilledalen (sånn cirka). Denne distansen var ikkje særleg lang, men på grunn av sekkane me hadde med oss, så blei turen ganske slitsom, og gleda var stor når me var kommen fram. Det fyste me gjorde når me kom fram var å ta på oss varme klede og betre fottøy, før me etter ein liten matpause starta med snøholene. 
Ingrid i gang med frukosten

Korleis lage snøhole:

1. Finn deg ein plass og grave (skavel)

2. Sjå deg ut kor du vil ha inngangen og kor du vil at brisken. Hugs at brisken skal ligge høgare enn inngangen når ein er ferdig med snøhola. Brisken er forøvrig plassen der ein skal sove i snøhola.

3. To tek til på brisken, medan dei to andre tek til på inngangen. Ein må hugse på at inngangen bør vere slik at alle kan stå inne i snøhola, men dette kan ein regulere seinare ved å grave i golvet. 

4. Når ein er kommen eit stykkje inn i snøveggen, går begge mot kvarandre slik at dei møtest. Så kan ein begynne å grave ut brisken, og forme han slik du vil ha det. 

5. Det er viktig å ha god klaring til taket frå brisken, og å passe på at taket er nok krumma slik at det ikkje begynn å dryppa vatn. 

6. Etter at ein har gjort ferdig brisken og inngangen, kan ein lage til hyller til sekkar og diverse. Ein tek òg å tettar atte der ein starta med brisken slik at det er tett der. Til slutt tek ein å tettar att den øverste delen av inngangen slik at brisken ligg høgare enn inngangen. Nå kan ein nyte ei god natts søvn i din eiga sjølvlaga snøhole. 

Når snøholene var ferdig starta me å lage middagen for dagen. Til hjelp hadde me med oss eit stormkjøkken som alle på gruppa kunne bruke. Etter ein god middag hadde me avstemning av kven som hadde den "kulaste" snøhola, og ikkje overraskande stakk mi gruppa, med Even, Ingrid og Jesper, av med sigeren. Etter dette var det blitt så mørkt at me gjorde oss klare til å sove, og på grunn av at det snøa ute, måtte alle på gruppa ut, etter tur, å måke vekk snø frå inngangen så me ikkje skulle snøa inne. 

Dagen etterpå var humøret i gruppa ikkje på like høgt nivå som dagen før, kanskje på grunn av vèret eller at me var blaute. Snøebygene hadde gått øver til regn og det gjorde at skiføret blei nokså dårlig. Me starta uansett me frukosten før Torgeir gjekk igjennom fleire forskjellige øvelsar viss noken blei tekne av snøras eller viss me måtte gå i tjukk tåke. Til slutt vende me nasen ned att til Hollekve, der me blei henta av ein buss frå skulen. 
Even inne i snøhola vår

Snøholeturen blei ein lærerik oppleving, med mykje blanda humør. Dette kan ha skuldast at regnet kom fram på torsdagen, som gjorde til at me blei blaute, men uansett so lærte me mykje. Det som var det kjekkaste var å sove i ei snøhole som me sjølve hadde laga, og me klarte oss ganske bra sjølv om det var første gangen me laga ei. Det me kunne gjort bedre på denne turen var å laga eit enda djupare golv i snøhola og ordna til taket enda betre. I tillegg burde me ha organisert det betre når me skulle gi tilbake utstyret til Torgeir..... men me lære so lenge me leve......   

fredag 14. mars 2014

Skitur i Sogndalsdalen

Den 6.mars var det duket for ein ny tur med Friluftsliv-gjengen. Stemninga var god, sjøl om regnet hadde dukka opp denne dagen. Me gjorde oss klare ved Sogndal Vidaregåande skule, før me fekk skyss opp til Rindabotn. Me starta i Rindabotn, og gjekk oppover Reipa elva, der målet for turen var å komme oss opp på Reppanipa. Den første hinderet me måtte komme oss igjennom for dagen, var korleis me skulle komme oss tørre over elva. Etter eit stykkje oppover elva fant me ut at det sikraste ville vere å gå over ei snøbru som gjekk over elva, og alle kom heilskinna over. Vidare gjekk turen oppover, før me hadde ein pause der me øvde oss på snøgraving. Hovudfokuset var på dei ulike snølaga i snøen og kva som skal til for at eit ras skal gå. Me fortsatte oppover mot Reppanipa, men måtte stoppe like under fjellet, fordi me ikkje hadde tid eller lov til å gå opp der. Dette fordi på ein skuletur så har me ikkje lov å gå i brattare terreng enn 30 grader.
Me sigla difor nedatt til Rindabotn, der me blei henta med ein taxi

Etter denne skituren sit eg att med mykje erfaring både om korleis eit snøras kan gå, korleis eg skal pakke ryggsekken og litt om vegval. Eg fekk lære om dei ulike snølaga som finst inne i snøen og om kva som skal til for at det skal blir utløyst eit skred. Denne læringa tek eg med meg som ekstremt viktig læring, og som faktisk kan skje når eg er sjølv på tur. Val av tursekk kunne eg ha gjort bedre, for sekken min rakna og hadde ikkje særleg mykje plass, men ein lære så lenge ein lever. Fjellskia som eg gjekk på, var fine å gå på i oppoverbakken, men når me skulle reise ned att, var det litt vanskelegare å styre enn breiare ski. Det som eg følte var bra med turen var at eg klarte å stå ganske bra på ski ned atte frå fjellet, noko som eg før turen ikkje hadde trudd. I tillegg hadde eg nok klede og nok mat til at turen blei ein positiv oppleving.  



Erlend